Endra rettleiar for nytt kommunalt sengetilbod
Helsedirektoratet har no kome med revidert rettleiar for kommunane sin plikt til øyeblikkeleg hjelp døgnopphald.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 25.01.2013
Kommunane har plikt til å tilby øyeblikkeleg hjelp døgnopphald frå 2016, men det er lagt opp til ei gradvis innfasing. Fram til no har Sogndal, Luster, Hå og Stavanger oppretta eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane/Rogaland. Rettleiaren beskriv mellom anna førebuingar, kvalitet i tilbodet og økonomiske føresetnader. Kommunane bør særskilt merke seg at det stillast nye krav til tilleggsdokumentasjon frå 2013, mellom anna innsending av dokumentasjon knytt til kvalitet og fagleg forsvarleg tilbod.