Kronprinsen kjem til ONS 2018
Måndag 27. august besøker H.K.H. Kronprinsen Stavanger og ONS 2018. Han skal vera til stades under opningsseremonien og skal også besøka fleire av utstillarane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kronprinsen var også til stades under opninga av ONS i 2016. Nå er han tilbake og skal halda invitasjonstalen under opningsseremonien.
Frå Fylkesmannen i Rogaland er det fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa som følger Kronprinsen under besøket.
Kongeleg beskyttarskap
Hans Majestet Kongen var til stades under det første ONS-arrangementet i 1974. Sidan den gongen har eit medlem av kongefamilien alltid vore til stades under arrangementa. ONS er eitt av Kongens faste beskyttarskap, ei ordning som er ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.
Akkreditering
Presse som ønskjer å dekka Kronprinsens besøk under ONS 2018, må akkrediterast hos ONS.
Kontaktpersonar
- Liv Anette Luane, kommunikasjonsrådgivar, Det kongelege hoffet. Mob. 918 26 056
- Leif Johan Sevland, administrerande direktør, ONS. Mob. 905 24 442