H.K.H. Kronprins Haakon besøker ONS i august
–Det er ei stor ære for oss å ha H.K.H. Kronprins Haakon til stades ved opningsseremonien, seier Leif Johan Sevland, administrerende direktør for ONS Stiftelsen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kronprinsen var også til stades på ONS 2016 og 2018 – og besøkte den gongen ei rekke selskap på utstillinga.
Frå Statsforvaltaren i Rogaland er det statsforvaltar Bent Høie som følger Kronprinsen under besøket.
Kongeleg beskyttelse
H.M. Kong Harald er ONS sin beskyttar. Ordninga med beskyttarskap er ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innan viktige område av samfunnslivet. Kongefamilien var raske til å anerkjenna betydninga av aktivitetane på norsk sokkel då olje og gass blei oppdaga.
Eit medlem av kongefamilien har vore til stades på alle ONS-arrangement sidan 1974.
Om ONS
ONS er eit av verdas største arrangement for den internasjonale energibransjen, og består av utstilling, konferanse og ein samfunnsarena med kulturelle innslag og debattar.
ONS blir arrangert annakvart år i Stavanger. I 2018 deltok over 68 000 personar frå over 100 land.
Akkreditering
Presse som ønskjer å dekka Kronprinsens besøk under ONS 2022, må akkrediterast hos ONS.
For meir informasjon
- Sven Gj. Gjeruldsen, assisterande kommunikasjonssjef, Det kongelege hoffet. Mob. 908 26 849.
- Inger Johanne Stenberg, kommunikasjonsdirektør, ONS. Mob. 905 95 829