Tilsyn med kvalitetsutvikling i skolen

I 2020 gjennomførte Statsforvaltaren to tilsyn med skolebasert vurdering. Vi fann at det er utfordrande for skolane å analysere og samanstille den kunnskapen dei har om elevane sine resultat, og kople dette opp mot elevane si måloppnåing i Læreplanverket. Vi fann òg at skolane synes det var utfordrande å finne gode ordningar for å involvere elevane og føresette i arbeidet med kvalitetsutvikling.

Publisert 18.02.2021

Erfaring frå tilsyna

Tilsyn er eitt av verkemidla Statsforvaltaren har for å bidra til kvalitetsutvikling i skolesektoren. I tilsyna med skolebasert vurdering fann vi at skolane gjennomfører aktivitetar som er sentrale i kvalitetsutviklingsarbeid. Likevel fann vi nokre manglar i dette arbeidet som vi på generelt grunnlag vil trekke fram.

Skolane er godt kjende med resultata frå nasjonale prøver og Elevundersøkinga. Funna våre viser at skolane nyttar desse resultata til å endre arbeidet inn mot enkeltelevar eller grupper, men i mindre grad som eit verktøy for kollektivt å betre skolen sin praksis. Vi fann òg at det er utfordrande for skolane å analysere og samanstille den kunnskapen dei har om elevane sine resultat, og kople dette opp mot elevane si måloppnåing i Læreplanverket, både kompetansemåla og måla i overordna del. Skolane har satsingsområde, og set inn tiltak, men evaluerer i lita grad om tiltaka har hatt effekt eller ikkje. Vi meiner at ei manglande evaluering av tiltak kan vere til hinder for vidare læring og kvalitetsutvikling på den enkelte skolen og i kommunen og fylkeskommunen.

Rapportane frå tilsyna ligg på heimesidene til Statsforvaltaren i Rogaland.

Lovgrunnlag

Opplæringslova §13 -3e beskriv plikta til kommunen og fylkeskommunen til å arbeide med kvalitetsutvikling, og at den enkelte skolen jamleg skal vurdere eigen praksis som ein del av dette arbeidet.

Opplæringssektoren skal arbeide med kvalitet i opplæringa i alle ledd, frå nasjonale myndigheiter og skoleeigarar til skoleleiarar og lærarar. I NOU 2019:23 Ny opplæringslov seier utvalet at arbeid med kvalitetsutvikling i skulen er viktig for å sikre barn sine grunnleggande menneskerettar og for å nå måla med opplæringa. Kvalitetsarbeidet skal gjennomførast lokalt med støtte i nasjonale satsingar, nasjonale eller regionale kompetansepakker og desentralisert ordning.  

Kvalitetsutvikling

Rapporten frå Ekspertgruppe for skolebidrag legg vekt på at vurdering og utvikling av kvalitet må skje i lys av den enkelte skolen sin kontekst og utfordring. Kvalitetsarbeidet på den enkelte skole er derfor sentralt for kvalitetsutvikling i kommunen og fylkeskommunen.

Den enkelte skole må bruke det dei veit om læringsmiljø og læringsresultat til å vurdere korleis opplæringa for elevane kan bli betre. I ein god prosess er det viktig å vurdere nåsituasjonen, bestemme seg for eit felles mål eller framtidsbilete og jobbe kollektivt i profesjonsfellesskapet for å nå måla. Kvalitetsarbeid er særleg viktig når skolane nå arbeider med å implementere ny læreplan.

Vi viser til Utdanningsdirektoratet sine ressurssider om kvalitet i opplæringa for utfyllande informasjon om temaet.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner