Tilsyn med elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø
I 2021 førte Statsforvaltaren tilsyn med elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø etter opplæringslova kap. 9a. Tilsyn blei gjennomført på skolar i Randaberg og Bjerkreim kommune. Vi fann lovbrot på alle skolane.
I Randaberg blei skolane Harestad, Grødem og Goa undersøkte, mens Vikeså skule og Bjerkreim skule blei undersøkte i Bjerkreim kommune.
I tilsyna blei det undersøkt om skolane oppfylte krava i regelverket for aktivitetsplikta, det førebyggande arbeidet, og arbeidet med å informere og involvere elevar og føresette i arbeidet for eit trygt og godt skolemiljø.
Krav i regelverket
Innhaldet i skolen si aktivitetsplikt inneber at tilsette skal følge med, gripe inn, varsle, undersøke og sette inn tiltak ved mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. I forlenginga av dette har skolen ei plikt til å gjennomføre, evaluere og tilpasse tiltaka som er sette inn. Dersom ein tilsett har mistanke eller kjennskap til at ein annan tilsett krenker ein elev, gjeld ei skjerpa aktivitetsplikt.
Opplæringslova har også reglar som skal sikre at skolen sitt førebyggande arbeid er systematisk og kontinuerleg. I tillegg er det reglar som skal sikre at elevar og føresette blir informerte om reglane for skolemiljø, og retten til å medverke i skolen sitt arbeid på dette feltet.
Alle skolar skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing. Rektor er leiar for opplæringa, og regelverket stiller derfor ulike krav til rektor. Regelverket krev at rektor skal sikre på fleire punkt. Det betyr at skolen må ha ein bestemt framgangsmåte, og at rektor må gjere dei tilsette kjent med denne og følgje opp at framgangsmåten blir brukt.
Framgangsmåtar, eller rutinar, legg til rette for at dei tilsette har lik praksis og forståing for regelverket. I eit tilsyn vil det kunne bety at vi vedtar pålegg der vi har funne manglar i framgangsmåtane, sjølv om skolane sin praksis er i tråd med regelverket.
Dei som arbeider i skolen kan vurdere eigen praksis i RefLex. Spørsmåla i RefLex gir deg ei oversikt over krava i regelverket.
Statsforvaltaren fann fleire lovbrot på alle skolane.
Dei viktigaste funna var at dei tilsette ved skolane var kjent med at det er eleven si subjektive oppleving som avgjer om eleven har det trygt og godt eller ikkje.
Vi fann også at nokre av skolane informerer elevar og føresette om at dei kan melda ifrå til Statsforvaltaren dersom eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, medan andre ikkje gjer det.
Vi fann også at skolane har fleire manglar i framgangsmåtane. Mellom anna mangla skolane i stor grad fastsette framgangsmåtar for korleis den einskilde tilsette skulle følge med på, og kjenne att teikn på at elevar er særskilt sårbare. Vi fann i lita grad framgangsmåtar for korleis skolane undersøker sakene. Ein konsekvens av dette er at ein ikkje sikrar at sakene blir undersøkt tilstrekkeleg breitt og grundig, og dermed er det ein risiko for at skolen ikkje finn eigna tiltak.
Skolane sette i stor grad inn tiltak når dei var kjent med at elevar ikkje hadde det trygt og godt, men dei mangla framgangsmåtar for korleis dei skal finna fram til eigna tiltak, og korleis tiltaka skal evaluerast.
Fleire av skolane mangla også framgangsmåtar for å varsle og undersøke saker der det var mistanke om eller kjennskap til at tilsette hadde krenka elevar.
Tilsynskalender
Du kan lese meir om tilsyna i dei einskilde tilsynsrapportane som du finn i tilsynskalendaren.