Kva betyr trygt og godt skole- og barnehagemiljø?
Alle barn har rett til å ha det trygt og godt på skolen, SFO og i barnehagen. Å ha det trygt og godt inneber meir enn å ikkje bli mobba eller krenka.
Kva betyr trygt og godt ?
Trygt og godt er omfattande og komplekse omgrep i denne samanhengen. Skole- og barnhagemiljøet er trygt når eleven eller barnet opplever at skolen eller barnehagen er ein trygg stad å vere. Det er fritt for krenkingar, og elevane og barna veit at dei vaksne følger med og grip inn dersom noko skulle skje.
Når skole- og barnehagemiljøet er godt, opplever elevane og barna trivsel, dei har ei kjensle av å vere inkludert og opplever at dei er meiningsfulle for fellesskapet.
For at skolen og barnehagen skal kunne oppfylle aktivitetsplikta og arbeide førebyggande, er det avgjerande at dei har ei god forståing for kva omgrepa trygt og godt betyr.
Kompetansepakkar
Utdanningsdirektoratet sine kompetansepakkar har utfyllande informasjon om kva trygt og godt miljø i barnehage, skole og SFO betyr.
- Trygt og godt skolemiljø, modul 0.5
- Trygt og godt barnehagemiljø, modul 1.2
- Trygt og godt miljø i SFO, modul 0.6