Klage på vedtak om individuell tilrettelegging i skolen
Statsforvaltaren behandler klager på vedtak om individuell tilrettelegging. Vi behandler også klager på gjennomføring av vedtak om individuell tilrettelegging.
Ny opplæringslov tredde i kraft den 1. august 2024. Etter ny lov er omgrepet «spesialundervisning» bytta ut med «individuell tilrettelegging». Du kan klage på vedtak om individuell tilrettelegging. Vedtak om individuell tilrettelegging omfattar vedtak om personleg assistanse, vedtak om fysiske tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel, og vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring.
Du kan også klage dersom du meiner at skolen ikkje gjennomfører den individuelle tilrettelegginga i tråd med vedtaket.
Klagen skal sendast til den som har fatta enkeltvedtaket. Det kan vere skulen, kommunen eller fylkeskommunen. Klageretten gjeld for elevar og foreldre. I klagen skriv du kort om kva du klagar på og kvifor. Dersom du ikkje får medhald i klagen, skal saka sendast til Statsforvaltaren utan ugrunna opphald. Det er kommunen/fylkeskommunen eller skolen som sender saka til Statsforvaltaren, og legger ved all relevant dokumentasjon. Statsforvaltaren er klageinstans og vi fattar endeleg vedtak i saka.
Dersom du har generelle spørsmål om regelverket, kan du kontakte oss skriftleg via sikker melding på nettsida vår.
For meir informasjon om saksgangen for individuell tilrettelegging, kan du lese rettleiaran på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.