Alvorleg skolefråvær

Mange barn og unge vegrar seg mot å gå på skolen. Årsakene kan vere mange og samansette. Det kan vere at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, eller at skolen ikkje legg opplæringa godt nok til rette for eleven. I nokre tilfelle kan vegringa skuldast forhold hos eleven sjølv, i heimen eller i nærmiljøet til eleven.
Elevane si plikt til å delta, og kommunen/fylkeskommunen si oppfølgingsplikt
Paragraf 10-6 i opplæringslova regulerer elevane si plikt til å delta i opplæringa og følgje skolereglane. Kommunen/fylkeskommunen har ei tilsvarande plikt til å sørgje for at elevar med fråvær frå opplæringa blir følgde opp. I forarbeida står at plikta til å følgje opp gjeld alt fråvær og frå første dag ein elev er borte frå opplæringa, og kommunen og fylkeskommunen bør ha gode rutinar og system for registrering av ulike typar fråvær, for avdekking av fråværsmønster, for oppfølging av fråverande elevar og for samarbeid med heimen. …. Oppfølginga må vere eigna til å oppfylle formålet med lovfestinga av regelen, som er å arbeide for meir nærvær i skolen og å betre moglegheita til den enkelte elev til å fullføre og bestå grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.
I dette arbeidet må skolen sikre § 10-1 Det beste for eleven og § 10-2 Elevane sin rett til medverknad.
For meir informasjon om pliktene i opplæringslova sjå Udir sine nettsider:
- 10-1 Det beste for eleven | udir.no
- 10-2 Elevane sin rett til medverknad | udir.no
- 10-6 Elevane si plikt til å delta og kommunen og fylkeskommunen si oppfølgingsplikt | udir.no
Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging
Lærarane skal følgje med på utviklinga til elevane og melde frå til rektor dersom dei er i tvil om at ein elev har tilfredsstillande utbytte av opplæringa jf. § 11-2.
Om eleven ikkje får tilfredsstillande utbytte må skolen setje i verk eigna tiltak innan tilpassa opplæring. Tiltaka kan både gjelde utforminga av opplæringa eller tilbod om intensiv opplæring og ulike former for tilrettelegging jf. §§ 11-1 og 11-3. Skolen skal evaluere om tiltaka som blir sette inn, gir eleven eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa, eller om andre former for individuell tilrettelegging er nødvendig. Individuell tilrettelegging er delt i tre ulike rettigheter:
- Personleg assistanse
- Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel
- Individuelt tilrettelagd opplæring
Elev/føresette kan søkja rektor om personleg assistanse og/eller fysisk tilrettelegging, dette krev ingen sakkunnig vurdering.
Den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) skal alltid gi ei sakkunnig vurdering før kommunen/fylkeskommunen gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, jf. §11-7.
For meir informasjon om tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging sjå Udir sine nettsider:
- 11-1 Tilpassa opplæring | udir.no
- 11-2 Tilfredsstillande utbytte av opplæringa | udir.no
- 11-3 Intensiv opplæring på 1. til 4. trinn | udir.no
- 11-4 Personleg assistanse | udir.no
- 11-5 Fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel | udir.no
- 11-6 Individuelt tilrettelagd opplæring | udir.no
- 11-7 Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering | udir.no
- Vurdere om eleven har tilfredsstillende utbytte av opplæringen | udir.no.
- Veileder for tilpasset opplæring og individuell tilrettelegging | udir.no
Trygt og godt skolemiljø
Dersom årsaka til at eleven ikkje vil gå på skolen er at eleven ikkje har det trygt og godt på skolen, må foreldra eller eleven straks melde frå til rektor. Rektor har då plikt til å undersøke og sette inn eigna tiltak som sørgjer for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø.
Her kan du lese meir om kva skulen skal gjere og korleis du kan melde frå til Statsforvaltaren:
- Informasjon om kva skolen skal gjere, og elevar og føresette sin moglegheit til å melde saka til Statsforvaltaren
- Her kan elevar og føresette i Rogaland melde frå til Statsforvaltaren om utrygt skolemiljø
- Mobbing og mistrivsel - kva skal skolen gjere?
Samarbeid
Skolen og lærarane må samarbeide tett med eleven og foreldra om tiltaka og evalueringa av desse. Det kan også vere aktuelt at skolen og foreldra samarbeider tverrfagleg med m.a. PPT, skolehelsetenesta, BUP og barneverntenesta om eleven sine vanskar.
Rutinar ved alvorleg skolefråvær
Det er viktig at skolane har gode rutinar for registrering av fråvær, slik at elevar som av ulike grunnar ikkje kjem på skolen blir fanga opp tidleg.
Fleire kommunar har utarbeidd klare og gode rutinar for kva skolane skal gjere når ein elev ikkje vil gå på skolen, m.a. registrering av fråvær, rask oppfølging og tiltak. Du finn døme på slike rutinar i Haugesund kommune og Stavanger kommune.
Her kan du lese meir om skolefråvær:
- Vi veit ikkje kor stort problemet med skolefråvær eigentleg er
- Om skolevegring - Stavanger kommune
- Om alvorleg skulefråvær - Haugesund kommune
- Tiltak for å hjelpe elevar som sit heime attende til skolen
10 gode råd
Trude Havik ved UIS har forska på og skrive ei doktoravhandling om skolevegring. Ho gir ti råd til kva du som forelder kan gjere dersom barnet ditt opplever skolevegring:
Kontaktpersoner
-
Astrid Løvås Pundsnes
Tlf: 51 56 88 81 -
Inger Lønning
Tlf: 51 56 87 83 -
Anne Wilson
Tlf: 51 56 88 17