Prøvebanken

Karakterstøttande og læringsstøttande prøver ligg i prøvebanken. Prøvene er frivillige og kan takast når som helst. Resultata skal berre nyttast av skolen og er ikkje offentlege.

Publisert 22.02.2016

Nye prøver

Desse prøvene er nye:

  • Læringsstøttande 6.trinn: lesing og regning
  • Læringsstøttande 8. trinn: digitale dugleikar
  • Karakterstøttande: 10.trinn: samfunnsfag og naturfag

I tillegg finn ein læringsstøttande prøver i skriving for 5. og 8. trinn.

Prøvene er frivillige

Skolane vel sjølve om dei vil gjennomføre læringsstøttande og karakterstøttande prøver. Prøvene kan gjennomførast når som helst. Resultata skal ikkje rapporterast til Utdanningsdirektoratet og er ikkje offentlege.

Tilgang til prøvebanken

Alle lærarar som skal ha tilgang til prøvebanken, må fyrst vere registrerte i prøveadministrasjonssystemet (PAS)

Den på skolen som har rolle som skoleadministrator i PAS, kan melde på elevar til prøver i prøvebanken på same vis som ved andre prøver.

Brukarnavn og passord som elevane treng, hentar lærar ut i prøvebanken sjølve.

Koder for å melde på elevane

For å melde på elevar til prøvebanken, nyttar ein desse kodane:

  • Prøvetype: Prøvebank
  • Prøveperiode: PB1516

Fagkoder

  • PBREG01: Regning 6. trinn – Læringsstøttande prøve 1
  • PBLES01: Lesing 6. trinn – Læringsstøttande prøve 1
  • PBDIG01: Digitale dugleikar 8. trinn – Læringsstøttande prøve 1
  • PBSAF03: Samfunnsfag 10. trinn – Karakterstøttande prøve 3
  • PBNAT04: Naturfag 10. trinn – Karakterstøttande prøve 4

Rettleiingar

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.