Grense for fråvær i vidaregåande skolar
Frå 1. august 2016 er det ei grense for fråvær i vidaregåande skolar. Føremålet er å motivere elevane til jamn innsats, og å forhindre skulk.
Publisert 14.04.2016
Grensa for fråvær gjeld for alle elevar i vidaregåande skole, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne.
Forskrift til opplæringslova
Bestemminga er tatt inn i forskrift til opplæringslova § 3-3 siste ledd og forskrift til friskolelova § 3-3 siste ledd.
Kort om grensa for fråvær
- Om ein elev er borte i meir enn 10 prosent av timane i eit fag, skal han eller ho i utgangspunktet ikkje få halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget.
- Grensa for fråvær gjeld timefråvær i det einskilde faget, ikkje eleven sitt totale fråvær.
- Sjølv om ein elev har meir enn 10 prosent fråvær i eit fag, kan han eller ho likevel få halvårsvurdering med karakter og standpunktkarakter om fråværet skuldast nokre særskilde grunnar som er nemnde i Rundskriv Udir- 3-2016.
- Eleven må dokumentere fråværet for å få det unnateke.
- Eleven skal få eit varsel om han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.