Endringar i barnevernlova
Frå 19.06.2020 er samtaleprosess i fylkesnemndene, rett til ettervern opp til 25 år og krav til årleg tilstandsrapportering av barneverntenestene ein del av barnevernlova.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 26.06.2020
Endringane som er vedtatt er:
- auka aldersgrense for rett til ettervern frå 23 til 25 år
- innføring av samtaleprosess som ei varig ordning i fylkesnemndene
- innføring av krav om årleg tilstandsrapportering til kommunestyret
- endring i fylkesnemndenes stedlege verkeområde
- betre vern av barn med skjult adresse
Ikraftsetting
Samtaleprosess trer i kraft frå 01.07.2020. Rett til ettervern frem til fylte 25 år krev finansiering, og det er derfor uklart når denne endringa trer i kraft. Dei øvrige endringane trer i kraft 01.01.2021.
Du kan sjå dei nye bestemmelsane her.