Nytt rundskriv om sakshandsaminga i barnevernstenesta
Rundskrivet er utarbeidd av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det tek føre seg dei ulike fasane i ei barnevernssak, og gir ei oversikt over regelverket og sentrale problemstillingar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 12.06.2017
Rundskrivet er først og fremst eit verktøy for dei tilsette i den kommunale barnevernstenesta. Det omhandlar sentrale tema som tilsette i tenestene må ta stilling til, og gir rettleiing til mange av dei vanskelege vurderingane som vert gjort kvar dag. Rundskrivet inneheld også lenker til tolkingsuttaler og andre rettskjelder, og til ei rekke rundskriv, handbøker og rettleiarar, både på barnevernsfeltet og samarbeidande tenester.