Dersom institusjonen mistenker at barn oppbevarer rusmiddel eller farlege gjenstandar
Barnevernsinstitusjonen kan ikkje be politiet om å løyse institusjonens eigne oppgåver, til dømes ransaking etter reglane i rettigheitsforskrifta.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Problem knytt til rusbruk kan nettopp vere bakgrunnen for at barnet er plassert i institusjonen. Institusjonane må ha personale og metodar for å kunne handtere slike situasjonar innanfor rammene av regelverket. Sjå side 7, 8 og 24 i kommentarane til rettigheitsforskrifta: Rundskriv om retningslinjer til rettighetsforskriften
Dersom institusjonen har informasjon som dei vurderer å gje til politiet, er det ulike moment dei må vurdere. Sjå Retningslinjer for vurdering av om det skal gis opplysninger om straffbart forhold eller anmeldelse av beboer i barnevernsinstitusjon eller omsorgssenter til politiet. Denne gjeld for dei statlege barnevernsinstitusjonane og omsorgssentra.