Barnevernet si handtering av saker der mindreårige kan være utsett for menneskehandel. Nytt rundskriv frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)
Rundskriv 01/2016 gjeld barneverntenesta si handtering av saker der mindreårige kan vere ofre for menneskehandel.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 05.09.2016
Rundskrivet gir retningslinjer for korleis den kommunale barneverntenesta skal identifisere og gi oppfølging til mindreårige som kan vere ofre for menneskehandel. Rundskrivet seier også noko om dei tiltaka barneverntenesta kan setje i verk med heimel i barnevernlova og om korleis barneverntenesta skal arbeide saman med andre offentlege myndigheiter, særleg politiet, utlendingsmyndigheita og helsetenesta.