Lone Merethe Solheim er i dag ny fylkesmann i Rogaland

Lone M. Solheim er statsforvaltar i Rogaland
Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

Ho blei konstituert som fylkesmann i Rogaland i mars. I dag overtar ho formelt etter Magnhild Meltveit Kleppa. – Eg kjem ikkje til å sitta passivt og venta til Bent Høie er på plass, seier Solheim. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.07.2019

Lone Merethe Solheim er fylkesmann fram til Bent Høie tar over i 2021. Høie tiltrer embetet når han går av som stortingsrepresentant hausten 2021.

Lang erfaring frå Fylkesmannen i Rogaland

Solheim er 54 år og har juridisk embetseksamen frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd hos Fylkesmannen i Rogaland sidan 2002. Den gongen kom ho til Fylkeslegen i Rogaland frå Fylkesskattekontoret. Fylkeslegen blei seinare ein del av fylkesmannsembetet. 

Solheim har vore assisterande direktør i helse-, sosial og barnevernsavdelinga. I 2012 blei ho tilsett som avdelingsdirektør i samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga. Hausten 2018 var ho ein snartur innom den nyoppretta Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten, men kom tilbake til avdelingsdirektørjobben hos Fylkesmannen.

Austlending som gjorde vestlending av seg

Solheim vaks opp på Tjøme i Vestfold, men flytta til Stavanger i 1988. Ho er gift og har tre barn. Ho er veldig stolt og glad for å få denne moglegheita:

– Skal ikkje sitta og venta på Høie

– Fylkesmannen er ein viktig institusjon – og eit kompetansesenter – for innbyggarane og kommunane i Rogaland. Eg kjem ikkje til å sitta passivt og venta til Bent Høie er på plass. Eg skal bidra med det eg kan for at me skal gjera ein endå betre jobb framover, seier Solheim. 

– Korleis skal du gjera det?

– Det blir i første omgang svært viktig for meg å etablera god kontakt med kommunane. Det er lokalval til hausten, og me veit at det blir ein del nye folk ved roret.

Ettersom Solheim kjem frå stillinga som avdelingsdirektør i samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga, skal det tilsettast vikar for henne der. Det er ein prosess som pågår. Jan Petter Stangeland er fungerande avdelingsdirektør.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.