Heile Rogaland ryddar i dag

27. april ryddar heile Rogaland! Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og assisterande fylkesmann Harald Thune tok ei økt utanfor Statens Hus i Stavanger. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.04.2017

Det var nok å ta av. Me oppmodar alle som kan til å bidra i dag. Det er ikkje så mykje som skal til når mange er med.

Fylkesmannen stiller seg bak

Me har oppmoda kommunar og statlege etatar til å delta i ryddeaksjonen, eit flott initiativ frå NRK Rogaland. Men det er jo ikkje nok å oppmoda andre til å gjera noko. Me må sjølvsagt ta eit tak også. Under ser du fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og assisterande fylkesmann Harald Thune i sving. Fangsten var (dessverre) god.

 

Ingen kan ta alt - alle kan ta litt!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.