Kronprinsen til Bjerkreim og Kvinesdal
Fredag 11. desember besøker H.K.H. Kronprinsen dei flaumramma områda i Bjerkreim og Kvinesdal. Heldigvis har ikkje menneskeliv gått tapt som følgje av ekstremvêret «Synne», men bønder har mista dyr, og dei materielle skadane er store enkelte stader. Også justisminister Anders Anundsen blir med i følget til Rogaland og Vest-Agder.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Besøket startar i Feda. Store øydeleggingar, primært av sjøbuer langs elva, er konsekvensen av ekstremværet i Feda i Kvinesdal. Den øydelagde brua blei fjerna i går og bygda er dermed delt. Butikk og skule ligg på den eine sida av elva, mens det bur ein del folk på den andre. Det er nå 6-7 kilometers omkjøring for å koma over på den andre sida av elva. Kronprinsen blir med på synfaring i området rundt Fedabrua og møter også folk som er ramma av flaumen. Kronprinsen kjem til Feda kl. 09.30.
Vidare til Bjerkreim
Etter besøket i Kvinesdal, drar Kronprinsen vidare til Bjerkreim i Rogaland. Han kjem først til Vikeså, kommunesenteret i Bjerkreim. Der stod heile sentrum under vatn, kommunehuset inkludert. Kronprinsen drar vidare til Tengesdal der han møter gardbrukar Aleksander Tengesdal. Bonden evakuerte 100 dyr på garden, men to av kalvane hans drukna. Kronprinsen møter også nabobønder som hjelpte til, Sivilforsvaret, Fylkesmannen og aktive i redningsarbeidet. Kronprinsen kjem til Bjerkreim kl. 11.00.
Akkreditering og informasjon
Presse som ønskjer å dekkja besøket, gir beskjed til enten:
- John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland (for Bjerkreim).
- Øyvind Hamre, administrasjonssjef hos Fylkesmannen i Vest-Agder (for Kvinesdal)
Kontaktpersoner
-
John Gunnar Skien
Tlf: 51 56 88 30 / 90 99 81 44 -
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80