Kronprinsen til filmfestivalen i Haugesund
Søndag 16. august opnar H.K.H. Kronprinsen Den norske filmfestivalen i Haugesund. Festivalen er den 43. i rekka. Kronprinsen får med seg verdspremierane på både katastrofefilmen «Bølgen» og dokumentarfilmen «Pøbler», ein film som er støtta av Kronprinsparets Fond.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dokumentarfilmen er eit portrett av langtidsledige ungdommar som gjennom Pøbelprosjektet får ein ny sjanse til å få skikk på liva sine. Filmskaparen Kari Anne Moe kjem tett innpå ungdommane. Filmen har premiere på Den norske filmfestivalen måndag 17. august. Fire dagar seinare er det ordinær kinopremiere.
Meir norsk film
«Pøbler» er ikkje den einaste norske filmen det er store forventingar til. På den offisielle opningsdagen, søndag 16. august, blir det ei eksklusiv vising av «Bølgen». I filmen raser fjellpartiet Åkneset ut i Geirangerfjorden og flodbølgja slår inn over bygdene. Kristoffer Joner frå Stavanger speler ei av hovudrollene i «Bølgen». Kronprinsen er til stades under framsyninga. Filmen har kinopremiere 28. august.
Kronprinsen nyttar også høvet til å sjå andre filmar, men det er ennå ikkje avklart kva filmar dette blir.
Nært og godt forhold til filmfestivalen
Kronprinsen har besøkt filmfestivalen i Haugesund heile seks gonger tidlegare, sist i 2009. I år er han tilbake og står for den offisielle opninga. At Kronprinsparets Fond har støtta produksjonen av filmen «Pøbler» er ikkje den einaste gode grunnen til at Kronprinsen besøker filmfestivalen i Haugesund i år. Han er festivalens høge beskyttar, ei ordning med lange, historiske røter. I dag fungerer beskyttarskapet som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.
Akkreditering og informasjon
Presse som ønskjer å dekka besøket, må akkreditera seg hos Den norske filmfestivalen. Presseopplegget i samband Kronprinsen si deltaking, blir lagt ut på nettsida til Fylkesmannen i Rogaland. Du kan også få dette ved å ta kontakt med John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.
Spørsmål om besøket kan rettast til:
Tonje Hardersen, festivaldirektør, Den norske filmfestivalen. Mobil: 928 30 559.