Heidrar 46 rogalendingar
I dag er det 70 år sidan frigjeringa 8. mai 1945. Dette blir markert over heile landet. I Rogaland blir 46 personar heidra med regjeringa sin minnemedalje.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Mange av dei som gjorde ein viktig innsats under den andre verdskrigen, har ikkje fått den merksemda dei fortener, ikkje minst dei som bidrog på sivil side. Derfor har regjeringa laga ein minnemedalje, "Takk for din innsats 1939-45" som dei fleste kommunane deler ut i dag eller i desse dagar.
I Rogaland er det totalt 46 personar som får minnemedaljen. Alle desse er foreslått av kommunen dei bur i, og det er ordførarane som står for overrekkinga. Fylkesmannen i Rogaland gratulerer både med dagen og velfortent heider!
Beste helsing
Magnhild Meltveit Kleppa