Kronprinsen til Sandnes og Stavanger

Onsdag 20. mai besøker H.K.H. Kronprinsen Rogaland. Han leiar Dignity Day på Gand videregående skole og deltar på Global Dignity-treff på Vitenfabrikken, før han avsluttar besøket på Universitetet i Stavanger.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.05.2015

Dignity Day er eit to-timars skuleopplegg der elevane deltar aktivt i gruppearbeid og fortel kvarandre historier frå eige liv om verdigheit, om å sjå andre og sjølv bli respektert og sett. Kronprins Haakon deltar som rettleiar i éin av klassane.

Kronprinsen var med og starta organisasjonen Global Dignity i 2006. Initiativtakarane såg potensialet i å bruka omgrepet verdigheit som ei kjelde til positiv endring og utvikling. Ein fokuserer på førebygging av mobbing på skulen, arbeidsplassen og på andre arenaer i samfunnet. I dag har Global Dignity aktivitetar i meir enn 60 land verda over.

Kronprinsen kjem til Gand videregående skole kl. 11.15.

Nettverkstreff på Vitenfabrikken

Kl. 14.00 går turen vidare til Vitenfabrikken i Sandnes. Global Dignity Rogaland inviterer til nettverkssamling der Kronprinsen deltar. Det blir mellom anna foredrag ved landslagstrenar Thorir Hergeirsson og Petter Birkeland, solabuen som kjempa seg tilbake etter ei livstruande ulukke ved bedrifta Malm Orstad i Klepp november 2011.

Avduking av elektrisk racerbil

Rogalandsbesøket til Kronprinsen blir denne gongen avslutta med eit besøk på Universitetet i Stavanger kl. 17.00. Studentforeininga ION Racing avdukar årets racerbil, eit imponerande elektrisk kjøretøy som tar deg frå 0-100 km/t på under tre sekund! Bilen skal delta i Formula Student, verdas største studentkonkurranse, på legendariske Silverstone Circuits i England.

Akkreditering og informasjon

Presse som ønskjer å dekkja besøket, må akkreditera seg innan tysdag 19. mai kl. 10.00. Ta kontakt med John Gunnar Skien, kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.

Spørsmål om besøket kan rettast til:
Thomas Horne, Global Dignity Norge. Mobil 909 75 800
Leiv Gunnar Lie, Universitetet i Stavanger. Mobil 920 77 057

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter