Kva skjer med kulturen i kommunereforma?
Kan nye og større kommunar styrka kulturlivet? Kva rolle skal kulturlivet ha i prosessen rundt kommunereforma? Aslak Sira Myhre er ein av foredragshaldarane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 04.03.2015
Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune i samarbeid med NOKU Rogaland arrangerer ein seminardag for å diskutera kulturen i kommunereforma.
Programmet er ikkje heilt klart ennå, men du kan melda deg på alt nå for å sikra deg ein plass.
Tid/stad: 29. april 09.30-15.30. Vågen vidaregåande skule, Sandnes.
Stadfesta foredragshaldarar
- Aslak Sira Myhre, direktør for Nasjonalbiblioteket
- Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesmann i Rogaland
- Janne Johnsen, fylkesordførar i Rogaland
- Guri Mette Vestby, forskingssjef i NIBR
- Erik Fossåskaret, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger
Lenke til informasjon og påmelding finn du i høgremargen.