Tar sats for trebasert bioenergi

Rogaland er energifylke nummer éin, men på bioenergi er me små. I dag produserer me om lag 30 GWh frå trebasert bioenergi, målet er 200 GWh innan 2020.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 23.01.2015

Levanger kommune i Nord-Trøndelag dekkjer 45 prosent av oppvarmingsbehovet i dei kommunale bygga gjennom bruk av trebasert bioenergi. I Rogaland satsar Karmøy kommune på denne energikjelda. To kommunale bygg blir oppvarma med treflis. Eit bustadfeltet på Hove i Sandnes skal sikrast varmt vatn og oppvarming på same måten. Ressursane kan utnyttast langt betre enn i dag, meiner fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.

– Det ligg eit stort potensial for næringsutvikling og verdiskaping i dette. I tillegg styrkar det forsyningstryggleiken for energi, reduserer presset på el-nettet og frigjer elektrisitet til andre føremål, seier Kleppa.

 

Kan mangedoblast

For sjølv om målet i Regionalplan landbruk og Regionalplan energi og klima er ambisiøst, med ei målsetting om å produsera 200 GWh innan 2020 mot 30 GWh i dag, er ressursgrunnlaget for auka bioenergibruk frå skogen i Rogaland rekna til heile 400 GWh årleg. Dette svarer til energibehovet til 16.000 bustader årleg.

Og det er nok å ta av. Me har om lag to millionar dekar skog her i Rogaland. Den årlege tilveksten er 486.000 kubikkmeter, mens uttaket bare er 80.000 kubikkmeter.

Viktig supplement

Mange av oss fyrer med ved, og i prinsippet er det det handlar om. Energifylket Rogaland er størst på ikkje-fornybar energi. Me er den femte største produsenten av elektrisk kraft (2012). Me kan bli landets største produsent av vindkraft. I realiteten er me bare i startgropa på biogass og trebasert bioenergi. Den store matproduksjonen skaper eit stort potensial for produksjon av biogass. IVAR har alt eit biogassanlegg i Mekjarvik, eit anna er under bygging i Hå. Når det kjem til trebasert bioenergi er me små. Biovarmeanlegg bør derfor bli eit meir aktuelt supplement for både næringslivet og det offentlege.

Breitt samarbeid

Førstkomande onsdag 28. januar (kl. 10-15) opnar fylkesmann Kleppa eit seminar arrangert i fellesskap av Innovasjon Norge, Rogaland fylkeskommune, KS og Fylkesmannen i Rogaland. Staden er Øksnevad vidaregåande skole, ein skule som blir oppvarma med flis. Erfaringane frå Levanger kommune blir presenterte, det same blir satsingane i Sandnes og Karmøy.

Seminarprogrammet finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.