Fylkesmannen trekkjer motsegn
Bedrifta Malm Orstad på Voll i Klepp ønskjer å byggja nytt bygg med plass til 200 tilsette. Fylkesmannen hadde motsegn til planane av omsyn til jordbruksjorda. Nå har fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa vurdert saka på ny og bestemt seg for å trekka motsegna.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
– Etter at eit samrøystes kommunestyre i Klepp vedtok kommuneplanen i sist veke, gjekk me gjennom saka endå ein gong. Me bestemte oss for at dette må me klara å løysa lokalt, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.
Det betyr at striden rundt utbyggingsarealet er avslutta, og saka ikkje blir sendt til Kommunal- og moderniseringsdepartement. Dermed kan familiebedrifta Malm Orstad utvida der dei er i dag. Men i brevet til Klepp kommune heiter det også:
- «Fylkesmannen vurderer at denne omdisponeringa til næringsføremål ikkje vil skape presedens for andre saker i kommunen. Det er ikkje rom for vidare utviding av bedrifta på noverande areal i landbruksområdet, og vi legg til grunn at kommunen tar ei aktiv rolle i å sikre strenge krav til høg utnytting av det omdisponerte arealet. Vi legg vidare til grunn at arealet blir tilbakeført til landbruksareal ved ei eventuell relokalisering av bedrifta»
Brevet til kommunen finn du i høgremargen.