For dårleg kontroll med Ryfast-utslepp

23. oktober gjennomførte Fylkesmannen ein ikkje-varsla kontroll av korleis Statens vegvesen utfører arbeidet sitt med omsyn til utslepp til sjø. I kontrollen blei det peikt på sju avvik.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.11.2014

Hovudfokuset var på systemet for oppfølging av utsleppsvilkåra med omsyn til utslepp til sjø; manglande kontroll med utslepp av forureina vatn og manglande system for å halde tilbake armeringsfiber og skyteleidningar.

Det blei gjeve totalt sju avvik, fordelt på tre løyve/kontrollrapportar:

  • Dagsonevatn går ikkje gjennom reinseanlegg før utslepp til sjø.
  • Gjeldande prosedyre betyr at bare 90 prosent av prøvene frå reinseanlegg skal rette seg etter utsleppskravet.
  • Mangelfull dokumentasjon av avfallshandtering.
  • Dagsonevatn går ikkje gjennom reinseanlegg før utslepp til sjø.
  • Vaskevatn frå betongbilar blir ikkje reinsa/sedimentert før utslepp.
  • Det er ikkje sett i verk effektive tiltak for oppsamling av armeringsfiber, skyteleidningar m.m. i sjø.
  • Drivstofftank på Kuneset er ikkje sikra i forhold til utslepp.

Avvika, kommentarar og kva Vegvesenet må gjere for å retta avvika, står omtalt i rapportane.

Det er gitt frist til 20. desember 2014 for å rette avvika.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.