Høg aktivitet i norskopplæring for innvandrarar

Rogaland kjem på tredjeplass i landet over talet på deltakarar i norskopplæring for innvandrarar i 2013. Det syner ein ny statistikk frå Statistisk sentralbyrå. Samstundes ligg Rogaland på andreplass når det gjeld kor stor del av deltakarane som er kvinner.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.10.2014

Statistisk sentralbyrå (SSB) har gitt ut ein statistikk over kor mange deltakarar det er i norskopplæring for innvandrarar. Statistikken inneheld både dei som har norskopplæring i introduksjonsordninga og dei som får norskopplæring i asylmottak. Det var 38.691 deltakarar i norskopplæring i heile landet i 2013. Av desse var 56,4 prosent kvinner. I Rogaland var det 3074 deltakarar. Av desse var 64,4 prosent kvinner. Det er berre Vestfold som har ein høgare del kvinner i norskopplæringa.

I 2012 var det totalt 2429 personar som gjekk opp til ei munnleg eller skriftleg norskprøve. Av desse fekk 1814 personar bestått, dvs. 74,7 prosent. I Hordaland var det 72,9 prosent som besto eksamen.

Av dei som deltok i opplæringa i landet under eitt i 2012 besto 58 prosent av kvinnene den vanskelegaste prøva (norskprøve 3), medan berre 47 prosent av mennene besto same prøva. Det same biletet finn vi på norskprøve 2 som ikkje er fullt så vanskeleg. Det er med andre ord ein utfordring både at menn i mindre grad tek norskprøva ,og at dei som tar ho i mindre grad består, enn kvinnene. Dette gir eit anna bilete enn det vi elles vert presenterte for, at kvinner er mindre integrert og  i mindre grad lærer seg norsk enn menn. Statistikken viser også at deltakarane si utdanningsbakgrunn frå heimlandet spelar ei stor rolle for resultata i norskprøvene. Av dei med høgare utdanning frå heimlandet var det fleire som tok norskprøve og fleire som besto han, enn dei med berre grunnskule.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.