Ny kommunikasjonssjef
Journalist John Gunnar Skien er tilsett som ny kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Han er 45 år og har lang erfaring frå NRK, både nasjonalt og lokalt. John Gunnar Skien arbeider i dag i Næringsforeningen i Stavangerregionen.
- Eg ser fram til å nytta John Gunnar Skien sin kompetanse i fylkesmannsembetet, seier fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa.
John Gunnar Skien har følgjande kommentar:
- Dette er ein jobb eg gledar meg veldig til! Eg trivst fantastisk godt i Næringsforeningen, men for ein samfunnsinteressert journalist er dette ei ny og spennande utfordring eg ikkje kunne seia nei til då eg fekk sjansen. Det bli sikkert mykje å setja seg inn i, mange ukjende eg skal bli kjent med. Det blir kjekt, og eg lovar å gjera mitt beste.