Gode integreringskommunar

68 % av dei som avslutta  introduksjonsprogrammet for nykomne flyktningar i Rogaland i 2011, var i arbeid eller utdanning i november året etter. Kommunane Stavanger, Sandnes, Haugesund og Eigersund bidreg sterkt til dette resultatet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.05.2014

Med 68% låg Rogaland høgare enn landet elles, der 63 % var i arbeid eller utdanning året etter.

Av kommunar med  ti eller fleire deltakarar som avslutta  introduksjonsprogrammet i 2011 er det nokre kommunar som  skil seg positivt ut. 73 % av personane som gjekk ut av introduksjonsprogrammet i Sandnes i 2011 var i arbeid eller utdanning året etter. For Stavanger var talet 64 %. Alle deltakarane som gjekk ut av programmet i Eigersund i 2011 var i arbeid eller utdanning i 2012.

Det er no ti år sidan introduksjonsordninga for nykomne flyktningar vart etablert. Dei som går i dette programmet lærer seg norsk, lærer om det norske samfunnet og norsk kultur og får hjelp til å komme i gang med arbeid eller vidare utdanning. Staten har sett som mål at 70 % av alle flyktningar som gjennomfører programmet skal være i arbeid eller utdanning året etter avslutta program. Målet vart ikkje nådd for landet når det gjeld 2011, men situasjonen er noko betre for 2012. Målet er nådd for menn i Rogaland men ikkje heilt for kvinnene. Kommunane i Rogaland gjer eit godt arbeid med å få flyktningane i arbeid eller utdanning etter avslutta introduksjonsprogram.

Kor stor del er i arbeid eller utdanning av dei som avslutta introduksjonsprogrammet  året før?

Alle

 

Menn

 

Kvinner

 

2011

2012

2011

2012

2011

2012

Landet

61

63

69

71

53

53

Rogaland

67

68

72

74

61

61

Stavanger

63

64

66

74

59

52

Sandnes

76

73

79

76

71

69

Haugesund

68

63

70

65

67

57

Eigersund

79

100

75

100

83

100

Tala kjem frå ein rapport utarbeidd av Statistisk Sentralbyrå nyleg. 

Heile rapporten frå SSB kan hentast på nettsida til Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet HER

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.