Foreldre vil kunne fortsetje som verje for dei vaksne barna sine
På bakgrunn av merksemda i NRK Rogaland den siste tida rundt foreldre som verjer, ser Fylkesmannen behov for ei nærare avklaring av kven som kan vere verje, prosessen rundt oppnemning av verjer og når ei verje kan bli bytta ut.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Foreldre er etter verjemålslova i utgangspunktet automatisk verje for mindreårige barn, dvs. fram til barnet er 18 år. Dersom barnet har behov for verje også etter at det er 18 år, må det bli oppnemnt verje etter reglane om verjemål for vaksne. Nære pårørande har rett til å be om at det blir oppretta verjemål for eit vaksen familiemedlem. Men kommunen har plikt til å gi Fylkesmannen melding om behov for verjemål.
Det kan også meldast frå om behov for endring av noverande verjemål. Slikt behov for endring vil blant anna vere til stades dersom verja ikkje i tilstrekkeleg grad ivaretek interessane til den han eller ho er verje for.
Når det gjeld opphøyr av verjeoppdrag, er berre omsynet til den som har verje som er avgjerande for om verja skal bli bytta ut. Det inneber for eksempel at ein konflikt mellom foreldre som verje og kommunen rundt tenestetilbodet til person med verje, berre skal føre til at foreldre blir fråtekne oppgåva som verje dersom denne konflikten til sjuande og sist går ut over det vaksne barnet.