Oljeskadde sjøfuglar på strekninga Oslofjorden til Mandal
Kystverket melder om funn av fugl med oljeskade på dette kystavsnittet fra 6. januar og fram til no. Fjærprøver blir sendt til analyse for å eventuelt avdekke oljetype og ansvarleg fartøy. Fylkesmannen ber publikum om å ta kontakt dersom dei finn oljeskada fugl langs Jærkysten.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Omfanget av skadde og daude fugl er ikkje kjend. Kystvakta har leita etter oljeflak ved hjelp av overvakingsfly, men har ikkje funne noko.
Med ujamne mellomrom blir uvanlege mengdar oljeskadd sjøfugl skylt på land i Rogaland. Årsakene kan variere mellom store utslepp og fleire små. På denne tida av året er det store mengder overvintrande sjøfugl i havet, og dei er sårbare for stress som matmangel og forureiningar.