Alvorlege manglar i tilbodet til pasientar som får lækjemiddelassistert rehabilitering (LAR)

 Tilsyn med tilbodet til denne pasientgruppa i Helse Stavanger HF og i Stavanger kommune har avdekt store manglar i tilbodet. Det er særleg i Helse Stavanger HF at svikta er alvorleg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.01.2014

Pasientar som er rusmiddelavhengige og som har behov for lækjemiddelassistert rehabilitering ( LAR) er avhengig av tenester både i frå kommunen og i frå spesialisthelsetenesta.

Mange av pasientane i LAR har alvorlege psykiske og somatiske sjukdommar i tillegg til ruslidinga si.  Tilsynet avdekte at systematisk utgreiing og oppfølging av pasientane sviktar. Mange av desse pasientane har behov for tenester frå fleire og vil difor ha stor nytte av individuell plan. Slike planar vert i liten grad utarbeidde. 

 

Les rapportane her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.