Tilskot til frisklivssentralar- ekstraløyving for 2013
Kommunane kan søkje om tilskot til etablering av ny eller utvikling av eksisterande frisklivssentral. I revidert statsbudsjett vart tilskotet styrka med kroner 735.000 for Rogaland. Søknadsfrist 10. november 2013.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Vi syner til tidlegare utlysing og tildeling av midlar til etablering og vidareutvikling av frisklivssentralar.
I tillegg til tilskotsmidlane kan Fylkesmannen nytta inn til 50.000,- kroner til kompetansehevande tiltak for inneverande år.
Vi kjem til å sjå på tidlegare søknader og ber om at dei som har tilleggsopplysningar eller nye tiltak tek desse med i ein ny søknad til oss innan 10. november. Midlane skal fordelast frå oss i inneverande år, men kommunane kan søkje om å få overføre midlane til bruk i 2014.
Fylkesmannen kan etter søknad vurdere å gi støtte til reiseutgifter til dei som har meldt seg på kurs for Frisklivssentralar i Bergen 21. – 23. oktober
Søknaden må vere underskriven av rådmannen eller tilsvarande. Søknaden skal vere forankra hos einingsleiar eller leiar på høgare nivå og må innehalde:
- Opplysningar om tiltak det blir søkt om tilskot til og kva som er føremålet.
- Budsjett som viser kva utgifter det er rekna med til det aktuelle tiltaket, kor mykje kommunen sjølv eventuelt vil løyve og kor mykje det blir søkt om frå Fylkesmannen.
- Namn på kontaktperson i kommunen, eventuelt referansenummer og kontonummer for innbetaling.
- Send søknaden i e-brev til fmropost@fylkesmannen.no eller med vanleg post til Fylkesmannen i Rogaland, Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger.
- Merk søknaden med vårt referansenummer: 2013/2363
- Fylkesmannen krev å få tilsendt rekneskap for bruken av pengane innan 31. mars 2014. Dersom tilskotet ikkje blir nytta i samsvar med føremålet, vil vi krevje pengane tilbake.