Velkommen til open dag i verjemålseininga hos Fylkesmannen i Rogaland

Open dag blir arrangert 19. juni 2013 frå klokka 10.00 til 17.00.

Invitasjonen gjeld deg som i dag er verje eller hjelpeverje og deg som har verje. Også andre som treng å lære meir om kva den nye verjemålslova inneber er velkomne.   

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 11.06.2013

Arrangementet finn stad i lokalane til verjemålseininga hos Fylkesmannen i Rogaland. Adressa er Statens hus, Lagårdsveien 44, Stavanger.

”Open dag” vil vere fylt av ulike aktivitetar. Målet er å gjere Fylkesmannen kjend som ny verjemålsinstans. Samstundes vil det bli gitt god innføring i kva den nye verjemålslova betyr for den som er verje og personar som har verje.  

Fylkesmann Tora Aasland vil vere til stades ei stund frå kl. 14.00.

Av aktivitetar kan vi til dømes nemne:

  • Bli kjent med dei tilsette i verjemålseininga 
  • Bli kjent med kor verjemålseininga held hus
  • Informasjon om korleis verjemålseininga vil arbeide med sakar som gjeld verjemål
  • Presentasjonar om kva den nye lova betyr for oppdraget som verje
  • Presentasjonar om kva den nye lova betyr for personar med verje
  • Mogelegheit  for råd og rettleiing frå juristar og økonom som gjennom heile dagen vil vere tilgjengeleg for spørsmål
  • Innføring i ”Verjemålsportalen” som både er system for elektronisk sakshandsaming og stad for informasjon
  • Innføring i det elektroniske e-læringskurset for verjer
  • Mogelegheit til å treffe andre som er verje 

 Vi byr på enkel servering.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.