Industritilsynet i 2012 - mange brot på miljøregelverket

Fylkesmannen kontrollerte i 2012 pukkverk og fiskeforedling, avfallsmottak, fragmenteringsverk, verkstader og akvakulturanlegg. Ved 80 av 83 tilsyn vart det oppdaga brot på miljøregelverket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.04.2013

Som forureiningsstyresmakt har Fylkesmannen ei viktig oppgåve med tilsyn av industrien i Rogaland. Omlag halvparten av kontrollane i fjor var i regi av Klima- og forureiningsdirektoratet (KLIF), resten på eige initiativ. Dette gjeld verksemder som har utsleppsløyve frå Fylkesmannen, til dømes avfallsmottak og fiskeforedlingsverksemder. I tillegg vart forskriftsregulerte bransjar kontrollerte, til dømes asfaltverk, pukkverk og anlegg for kjemisk eller mekanisk overflatebehandling. Ei rekkje verksemder med løyve til innsamling av farleg avfall vart og kontrollert.

Mange brot på miljøregelverket
Når 96% av dei kontrollerte verksemdene ikkje følgjer løyve eller regelverk, er dette alvorleg sjølv om ikkje alle avvik er store. Gjennomgåande viser kontrollane i fjor at mange verksemder framleis manglar kunnskap om internkontrollforskrifta og korleis denne skal følgjast opp. Dette problemet er størst i dei mindre verksemdene.

Oppfølging av regelbrot
Verksemder som driv ulovleg får pålegg om å retta opp dette. Etterpå skal dei rapportera skriftleg til Fylkesmannen om kva som er gjort. Dersom denne tilbakemeldinga ikkje er god nok, vert det gjennomført ein ny kontroll. Sjølv om oppfølgingskontrollane ofte syner at verksemdene skjerpar seg, vil Fylkesmannen auka denne typen etterkontrollar av verksemder som ikkje viser vilje til å følgja miljøregelverket.

Fokus 2012 - Verkstadindustrien
I Rogaland er det mange verksemder som driv med reingjering og vedlikehald av offshorerelatert utstyr. Fleire av desse har utslepp til det kommunale avløpsnettet via ein oljeutskillar som skal skilja olje og vatn slik at berre vatnet går til avløpsnettet. I mange av dei kontrollerte verksemdene fungerte ikkje oljeutskillarane godt nok. Verksemdene hadde heller ikkje god nok kunnskap om kva for kjemikalie dei slapp på avløpsnettet. Ukontrollert utslepp av oljehaldig avløpsvatn kan vera ein miljørisiko i seg sjølv, men kan og føra til driftsproblem i avløpsnettet og ved reinseanlegget.  

Grov miljøkriminalitet
Ved grove brot på forureiningslova kan Fylkesmannen nytta tvangsmulkt for å få slutt på lovbrotet. I 2012 vart to verksemder melde til politiet, eit settefiskanlegg (Suldal smolt AS) og ei verksemd i samband med forsøpling og masseutfylling (Tullin Ree & Sønner AS).

Kontrollerte bransjar
Tala nedanfor syner kor mange enkeltverksemder i kvar bransje som vart kontrollert i 2012.

• Små verkstader - 21
• Pukkverk - 6
• Metallbearbeiding - 11
• Maskinar og utstyr - 5
• Fragmenteringsverk - 1
• Fiskeforedling - 5
• Akvakultur - 11

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.