Mykje juletre i Rogaland

Fylkesmannen har handsama om lag 40 søknadar om planting av juletre sidan forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål tok til å gjelda 30. september 2012. Med få unntak har alle fått innvilga søknadane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.02.2013

Plantearealet det vert søkt om varierer mellom 0,5 og 400 dekar. Ein del er nyplanting og ein del er gjenplanting. Søknadane kjem frå heile fylket.

Kapittel IV (framande organismer)  i naturmangfaldlova blei sett i kraft etter at forskrift om utsetting av utanlandske treslag blei vedtatt i 2012. Etter dette må alle som vil nytte utanlandske treslag til skogbruksføremål ha løyve før planting. Føremålet er å hindre at utanlandske treslag ikke trugar det biologiske mangfaldet.

Rogaland er ein stor juletreprodusent
Rogaland er klart størst på juletreproduksjon i landet. Om lag 3000 dekar er tilplanta her, medan alle andre fylke ligg under 500 dekar (Norsk landbruksrådgiving, 2010). Næringa er i vekst. Normannsgran og fjelledelgran er vanligaste planteartar.

I tillegg til juletre og pyntegrønt blir det planta sitkagran og lerk til ordinært skogbruk i Rogaland. Slik planting må og handsamast etter samme forskrift.

Røynsler så langt
Vi ser at søknadskjema kan forbetrast, mellom anna for å vere betre tilpassa juletreproduksjon. Til dømes bør det gå klårt fram kva areal som skal nyttast til juletreproduksjon, uavhengig av det aktuelle søknadsåret. Fylkesmannen vil handsame søknadar over eit fleirårsperspektiv. 

Vidare må det gå klårt fram kva kommune søknaden kjem frå, og i kartvedlegget som syner plantefeltet må avgrensinga gå tydeleg fram.  

Søknadsskjemaet bør samordnast betre me forvaltinga etter skoglova, mellom anna slik at omgrepsbruken er meir felles. Vi vil og presisere at alle søknadar bør fyllast ut og underteiknast av grunneigar, slik at ansvaret for oppfølging av vilkåra i løyvet blir rett adressert.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.