Kvadrat får utvide

Det er søkt om ei utviding av salgsarealet på Kvadrat kjøpesenter på 2300 m2. Ei utviding av salgsarealet er i strid med føresegna om kjøpesenterstopp og føreset difor eit samtykke frå Fylkesmannen. Fylkesmannen gir samtykke til utviding av salgsareal på Kvadrat.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.02.2013

Søknaden inneberer ei utviding av Kvadrat kjøpesenter på 2300 m2 bruksareal gjennom å legge nytt dekke i eksisterande lokale og å omdisponere eit lagerareal.

Søknaden må handsamast etter forskrift om rikspolitiske føresegner for kjøpesenter. Grunngjevinga for det er at søknaden er i strid med punkt 5.10.1 i Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren som eier at detaljhandel skal plasserast innanfor vedteken senterstruktur.

Ja til samtykke
Hovudgrunngjevinga bak Fylkesmannen sitt samtykke er at utvidinga skjer innanfor eksisterande bygningskropp, og at storleiken på arealet er mindre enn arealgrensa på 3000 m2 som ligg i rikspolitisk føresegn. Både Sandnes kommune og Rogaland fylkeskommune har tilrådd samtykke.

Eit anna forhold som også styrkar samtykke er at tiltaket er innanfor ramma av gjeldande reguleringsplan. Denne reguleringsplanen er lista opp i kommuneplanen frå 2011 som ein av reguleringsplanane som fortsatt skal gjelde.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.