God forvaltning av friluftsområda på Haugalandet
Fylkesmannen har godkjent forvaltningsplanar for 29 statleg sikra friluftsområde på Haugalandet. Slik godkjenning er ein føresetnad for å få statlege midlar til skjøtsel og tilrettelegging. Friluftsrådet Vest får skryt for oversiktelege planar og mange konkrete framlegg til eit endå betre tilbod for allmenta.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Fylkesmannen meiner at forvaltningsplanane er i tråd med formålet med sikringa. Framlegga til tiltak er både tenlege og naudsynte. Fylkesmannen har merka seg det natuvennlege måtehaldet som gjennomsyrar planane.
Dei kommunane Friluftsrådet Vest dekkjer i Rogaland er Bokn, Haugesund, Karmøy, Sauda, Vindafjord og Tysvær. Dei nye forvaltningsplanane er presentert kommunevis etter ein fast mal. Dette gjev god oversikt. Nedanfor er vist framsida på plandokumentet for Tysvær.
Merknader
Planane presenterer aktuelle verdiar og tiltak på ein systematisk og god måte. Enkle kart og mange god foto illustrerer innhaldet og gir gode assosiasjonar til formålet med friluftsarbeidet. Enkeltplanane vil fungera godt som referanseverk i planperioden 2013 - 2017.
Meir om naturgrunnlaget og kulturminner
Fylkesmannen etterlyser meir informasjon om naturgrunnlaget og kulturminner/kulturlandskap i dei enkelte områda. Dette er viktige opplevingselement for dei som vitjar områda. Vi reknar med at Friluftsrådet Vest enkelt kan supplera planane med til dømes opplysningar om verdfulle naturtypar og raudlisteartar. Det same gjeld automatisk freda kulturminne og nyrae tids bruks-kulturminne.
Les heile godkjenningsbrevet via lenka til høgre !
Her finn du og lenker til dei enkelte forvaltningsplanane.
Dei fleste sikra friluftsområda på Haugaland ligg i låglandet, ofte nær sjø og vatn. Bilete
ovanfor viser eit praktfullt skiterreng nær Olalia i Helgelandsheia aust for Ølen.
Foto: Friluftsrådet Vest.
Lenker
Dokumenter
Aktuelt
Flyttbare matter på Sandvedsanden på Karmøy gjer det lettare for rulle-stolbrukarar og folk med barnevogner å kome seg heilt ned på strandflata. Foto: Friluftsrådet Vest.