Køyring på islagte vatn

Vi er no inne i ein kald og vakker periode med is på dei fleste vatn. Isen vert snart trygg for ferdsel, og dette er ei flott oppleving. På same tid fryktar Fylkesmannen ei gjentaking frå tidlegare år med bilkøyring på islagte vatn.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.01.2013

Vinteren 2010 var det jamvel meldt om køyring på islagte naturreservat på Jæren noko som er eit grovt brot på vernereglane.

All køyring på islagte vatn er forbode om ikkje det er gjeve særskilt løyve til dette, køyring på islagte vatn er sidestilla med motorisert ferdsel i utmark. I tillegg er fleire vatn på Jæren og i fylket elles verna som naturreservat og har strenge vernereglar.

Orrevatnet på Klepp var mellom anna arena for ”rånekøyring”, - dette er strengt forbode. I tillegg til brot på lov om motorferdsel i utmark og vassdrag, bryt dette og med verneforskrifta.

Fylkesmannen oppmodar alle til å nyta dei kalde dagane utan å komme i konflikt med gjeldande lovverk. Køyring på isen er forstyrrande for dyr og menneske, samstundes som det er stor risiko for at køyretøyet går gjennom isen.

Ein skal sjølvsagt og vere særs forsiktig ved ferdsel til fots på isen og forsikre seg om at isen er trygg før ein går utpå. I lenkene til høgre finn du nyttig informasjon frå Norges vassdrags- og energidirektorat.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.