UTSETT: Nettverkssamling – samfunnstryggleik og beredskap 2020
- Dato:
- 27. mai 2020 12:00 - 28. mai 2020 12:00
- Sted:
- Utstein Kloster Hotell, Stavanger kommune
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- Kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. I tillegg andre regionale etatar som har beredskapssamarbeid med kommunane.
UTSETT: Arrangementet er utsett inntil vidare på grunn av situasjonen med koronaviruset.
Velkommen til den årlege nettverkssamlinga i samfunnstryggleik og beredskap! Samlinga finn i år stad på Utstein Kloster Hotell i Stavanger kommune. Som alltid får du eit interessant og variert program – og eit triveleg sosialt arrangement på kvelden.
Deltaking
Det er sjølvsagt mogleg å melda seg på delar av programmet, men me håper at dei fleste deltar på heile konferansen. For å bli gode i lag er det viktig å kjenna kvarandre.
Me jobbar med programmet, og dette blir lagt ut her når det er ferdig. Dette er nokre av temaa med ser føre oss på 2020-samlinga:
- Brannen i garasjeanleggetet på Stavanger lufthavn.
- Radioaktiv kjelde oppdaga i Eigersund. Kva skjedde og kva lærte me?
- CIM: 15 minutt med praktisk bruk av CIM. Kopling mellom krisestab og kommunikasjon.
- Informasjonssikkerheit. Er kommunane rusta til å stå imot alvorlege hendingar?
Påmeldingsfrist: 6. mai 2020 kl. 15.00
Seminaravgift
- Alternativ 1: Full pakke: kr. 3 000. Inkludert: konferanse, lunsj begge dagar, overnatting med frukost, middag 27. mai på hotellet.
- Alternativ 2: Dagpakke to dagar: kr. 1 700. Inkludert: konferanse og lunsj begge dagane.
- Alternativ 3: Dagpakke éin dag: kr. 850. Inkludert: konferanse og lunsj ein av dagane. NB: Hugs å skriva kva dag du kjem.
- Middag 27. mai: kr. 450 (tillegg til alternativ 2 og 3)
Fylkesmannen sender faktura etter konferansen.
- Avbestilling før 6. mai: ingen faktura.
- Avbestilling mellom 6. mai og 15. mai: Det blir fakturert for 50 prosent av seminaravgifta.
- Avbestilling etter 15.mai: Det blir fakturert for full seminaravgift.
Dersom nokon har allergiar: Gi beskjed slik at me kan finna alternativ.
- Dato:
- 27. mai 2020 12:00 - 28. mai 2020 12:00
- Sted:
- Utstein Kloster Hotell, Stavanger kommune
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- Kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. I tillegg andre regionale etatar som har beredskapssamarbeid med kommunane.
Kontaktpersoner
-
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80 -
Randi Thomassen
Tlf: 51 56 88 06