Fagdag for vipa – Undheim

Dato:
4. mars 2020 09:45 - 15:00
Sted:
Undheim samfunnshus
Arrangør:
Bondelaga på Jæren, Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Bønder, entrepenørar og andre vipeinteresserte

Bønder bryr seg om vipa, og vipa vil vere på Jæren. Vi meiner det er på tide at ho får sin eigen fagdag, og ønskjer velkomen til Undheim samfunnshus 4. mars. Her skal vi høyre meir vipa sitt levesett, jakt på kråke og rev, om regionalt miljøtilskot og om bønder som gjer tiltak på eigen gard. 

Publisert 06.02.2020

Program for dagen

Det blir kaffi og drøs frå kl 09:45, og så startar programmet kl 10:00. Kl 12:00 blir det varm lunsj.

På programmet:

  • Velkomen ved Jone Fosse, leiar i Time bondelag.
  • Vipa sitt liv og virke ved Oddvar Heggøy, Norsk ornitologisk forening.
  • Erfaringar som gardbrukar ved Magne Helleland, bonde i Sola kommune.
  • Kva betyr det for forvaltninga at vipa er "sterkt trua"? Og kva slags tiltak kan få offentleg støtte? Ved Fylkesmannen i Rogaland.
  • Jakt på kråke, rev og andre vipe-etande dyr ved Jæren jeger- og fiskelag
  • Korleis kombinere eit intensivt jordbruk med vipe-tiltak?
    • Presentasjon av "vipe-diskar" til bruk under gjødsling med slepeslangar.
    • Innlegg frå entrepenør som køyrer miljøvenleg gjødslingsutstyr for husdyrgjødsel.
    • Erfaringar frå bønder.
    • Diskusjon av problemstillingar og løysningar.

Utdeling av "Vipe-diskar"

Agromiljø har fått laga diskar for å legge over reira under gjødsling med husdyrgjødsel. Diskane skal tole bruk av slepeslangar, og blir i vår testa ut av einskilde entrepenørar og bønder. Dei vil få delt ut diskane i etterkant av møtet.

Påmelding

Vi kan lokke med gratis lunsj, og treng difor påmelding. Fyll ut skjemaet og trykk send. Du vil i etterkant få ein e-post som stadfester påmeldinga. Dersom du ikkje får ein slik e-post må du ta kontakt med Margit Reisersen

Dato:
4. mars 2020 09:45 - 15:00
Sted:
Undheim samfunnshus
Arrangør:
Bondelaga på Jæren, Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Bønder, entrepenørar og andre vipeinteresserte