Basiskurs i økonomisk rådgjeving- korleis avdekkje og førebyggje økonomiske problem
- Dato:
- 16. januar 2020 10:00 - 15:30
- Sted:
- Clarion Hotel Energy
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette på NAV-kontora og tilsette i tenester som barnevern, rus og psykiatritenesten, bustadkontor, nytilsette hjå namsfogden m.fl
Økonomisk rådgeving er ein lovpålagt individuell rett etter sosialtenestelova § 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i NAV-kontoret. Tilsette i NAV-kontora, og tilsette i tenester som samhandlar med Nav, bør difor ha grunnleggjande kunnskap om tenesta.
Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. For å ha nytte av dette kurset treng det dermed ikkje i hovudsak dreie seg om at brukar kjem i kontakt med deg for økonomisk råd og rettleiing.
Målet med dette kurset er at ein skal få kunnskap til å avdekkje og førebyggje økonomiske problem, uavhengig av stilling og arbeidsoppgåver.
Vidare skal deltakarane etter endt kurs også kunne hjelpe brukar med enkel råd og rettleiing, samt å kunne vidareformidle til riktig instans for det som treng det.
Kva skal du sitje igjen med etter endt kurs?
- Å kunne førebyggje økonomiske problem
- Å ha tilstrekkeleg kunnskap for å kunne avdekkje økonomiske uro eller problem.
- Auka innsikt om kva økonomiske problem kan medføre.
- Å ha tilstrekkeleg kunnskap om kvar ein kan få økonomisk rådgiving.
- Kunne hjelpe til dersom du får spørsmål om Namsmannen og utleggstrekk.
Kurset er gratis, med bindande påmelding. Ikkje meld forfall blir belasta med kr 600,-. Eventuelle reisekostnader må dekkjast av deltakar.
Vi tar atterhald om retten til å kunne gjere prioriteringar eller be kontoret gjere prioriteringar dersom det er stor interesse for kurset.
Påmeldingsfrist 20 desember 2019.
- Dato:
- 16. januar 2020 10:00 - 15:30
- Sted:
- Clarion Hotel Energy
- Arrangør:
- Fylkesmannen i Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette på NAV-kontora og tilsette i tenester som barnevern, rus og psykiatritenesten, bustadkontor, nytilsette hjå namsfogden m.fl