Søknad om løyve etter forureiningslova til mudring og sprenging i sjø i Lindøygapet
- Høringsfrist:
- 13. august 2019
Eigersund Næring og Havn KF søker om mudring og sprenging i sjø ved eigedomane 47/30 og 13/1854 m.fl. i Eigersund kommune.
Publisert 12.07.2019
Søknaden omfattar mudring av ca. 250 m3 masse og sprenging ca. 80 m3 stein i Lindøygapet i innseglinga til Egersund hamn. Føremålet med tiltaket er å fjerne eit skjær for å utbetre vilkåra for båttrafikk.
Søknaden blir lagt ut til offentleg ettersyn i Eigersund kommune, Rådhuset, Bøckmansgate 2.
Uttaler frå interesserte kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker.
Sjå søknad og høyringsbrev i dokumentlenkene til denne nettsaka.
- Høringsfrist:
- 13. august 2019