Søknad frå Q-meieriene AS avd. Jæren Gårdsmeieri om løyve etter forureiningslova

Høringsfrist:
20. august 2014 15:30

Q-meieriene AS søker om nytt løyve til drift av meieriet. Verksemda har adresse Bedriftsvegen 21 på Klepp stasjon, gnr. 8 bnr. 255/266 i Klepp kommune.

Publisert 26.06.2014 av Administrator

Søknaden er i samsvar med §§ 11 og 16 i ”Lov om vern mot forurensninger og om avfall” av 13. mars 1981 nr. 6, med endringar senast av 15. mars 2002. Eit løyve vil bli tilpassa krav i EUs Rådsdirektiv 91/61 EF1 om integrert førebygging og avgrensing av forureining (IPPC-direktivet).  Søknaden er nyleg oppdatert.

Søknaden gjeld produksjon av konsummjølk, syrna og smakstilsett mjølk, fløte, Skyr, yoghurt, rømme og juice. Type og mengd produkt går fram av søknadsdokumenta. Det blir søkt om drift 24 timar i døgnet, 128 timar per veke og 280 døgn i året. Det blir i utgangspunktet søkt om utslepp av i snitt 18 m3 avlaupsvatn pr. time og 225 m3/døgn, men avlaupsmengda kan også nå opp i over 400 m3/døgn. Den mest markante forureininga i avlaupsvatnet er organisk stoff, og i snitt svarer utsleppet til avlaupsvatnet frå ca. 23 000 personekvivalentar (pe). Maksimalt meir enn ca. 40 000 pe. Avlaupsmengda kan auke 30 % som følgje av ei ny avdeling. Avlaupsvatnet passerer feittutskiljarar før det blir ført til kommunalt nett i Klepp og blir reinsa i Vik reinseanlegg i Time før utslepp i sjøen saman med anna avlaupsvatn. 

Energibruken er på om lag 12 GWh/år. Om lag 57 % av energien kjem frå naturgass, men det blir planlagt å redusere totalbruken med 1/3. Det er ikkje venta luktulemper frå meieridrifta. Det er heller ikkje venta høge støynivå.

Saksdokumenta er gjort tilgjengelege for gjennomsyn i Klepp og i Time kommunar og i dokumentlenkene til høgre. Uttale kan sendast Fylkesmannen i Rogaland, Miljøvernavdelinga, postboks 59, 4001 Stavanger, innan 20. August. Privatpersonar, råd og interesseorganisasjonar bes senda kopi av fråsegner til kommunen og Rogaland fylkeskommune.