Endring av løyve etter forureiningslova til Franzefoss Gjenvinning AS på Forus
- Høringsfrist:
- 16. september 2019
Franzefoss Gjenvinning AS avd. Forus har søkt Fylkesmannen om endring av løyve til mottak og mellomlagring av avfall. Søknaden gjeld mellom anna å auka samtidig lagra mengde avfall på anlegget frå 160 tonn til 400 tonn.
Publisert 16.08.2019
Endringa gjeld auke i samtidig lagra mengde avfall på anlegget frå 160 tonn til 400 tonn. Vidare er det og søkt om å lagra:
- hardplast og/eller folieplast med finmaska nett på uteområde, og over helg
- store el-motorar på uteområde utan lokk
- glas- og metallavfall utan lokk, alternativt med finmaska nett
- auka mottak og lagring av europallar til ca. 600 stk.
Søknaden og utkast til endra løyve er lagt ut til offentleg ettersyn i dokumentlenkene til denne nettsaka. Merknader kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4009 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå kunngjeringstidspunktet.
- Høringsfrist:
- 16. september 2019