Søknad om utfylling i sjø og mellombels utslepp anleggsvatn Mekjarvik
- Høringsfrist:
- 30. juni 2016
Statens vegvesen Region vest søkjer om løyve til utfylling og mellombels utslepp av anleggsvatn i sjø ved gnr./bnr. 50/4 i Mekjarvik i Randaberg kommune. Frist for å uttale seg om søknadane er 4 veker.
Fylkesmannen har fått to søknadar som gjeld utfylling i sjø og utslepp av midlertidig anleggsvatn frå tunneldriving i Mekjarvik.
I samband med Rogfast-prosjektet skal det drivast ein sidetunnel, entreprise E11, frå strandsona ved eigedommen 50/4 og vestover til hovudløpet til Boknafjordtunnelen. Statens vegvesen søkjer om utfylling av ca. 130 000 m3 tunnelmassar frå E11 i sjø, samt om utslepp til sjø av vatn frå tunneldrivinga og frå anleggs- og riggområder i anleggsfasen.
Vegvesenet planlegg å bruke lense for å samle opp plastavfall frå utfyllingsmassane, og etablere eit overvakingsprogram for å beskytte nærliggjande ålegraseng, oppvekstområde for fisk, og vassinntak.
Det er ikkje påvist forureining i sedimenta i tiltaksområdet. Arbeida vil ta om lag ni månader.
Uttalar til dei to søknadane kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til 4 veker.
Sjå høyringsbrev og søknadsdokument i høgremargen.
- Høringsfrist:
- 30. juni 2016
Dokumenter
- Statens vegvesen - høyring utfylling sjø Mekjarvik 01.06.16
- Statens vegvesen - søknad utfylling tunnelmassar sjø Mekjarvik 10.05.16
- Norconsult, sedimentundersøkelser Mekjarvik
- Statens vegvesen - søknad mellombels utslepp anleggsvatn Mekjarvik 10.05.16
- Rapport marint naturmiljø utfylling Mekjarvik E39 Rogfast
- NIVA-rapport strøm og partikkeltransport utfylling Mekjarvik
- Områderegulering Mekjarvik KU reguleringsplan
- Områderegulering Mekjarvik planvedtekter
- Områderegulering Mekjarvik planomtale med KU del 1
- Områderegulering Mekjarvik planomtale med KU del 2