Søknad om arbeider i sjø ved Haugsneset og Kårstø

Høringsfrist:
29. august 2016

Statoil ASA søkjer om løyve etter forureiningslova til arbeider i sjø ved eigedomen 53/6 Haugsneset og 51/4 Kårstø i Tysvær kommune. Høyringsfristen er sett til 4 veker. 

Publisert 28.07.2016

I samband med legging av straumkabel frå land til Johan Sverdrup-feltet blir det søkt om sprenging og graving av ei grøft i sjø ved Haugsneset.

Det blir vidare søkt om å nytte dei oppgravde steinmassane til utfylling i sjø ved industriområdet på Kårstø. Volum av steinmassane som skal fyllast ut er om lag 2 700 m3, og arbeidet skal utførast ved hjelp av lekter. Søkjar vurderer at det ikkje er behov for avbøtande tiltak. Arbeida vil ta om lag 8 månadar og oppstart er planlagt til februar 2017.

Uttalar til søknadane kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no. Frist for uttale er sett til fire veker.

Sjå høyringsbrev og søknadsdokument i høgremargen.