Søknad om arbeid i sjø i Holeviga i Eigersund

Høringsfrist:
6. januar 2016

Eigersund Næring og Hamn KF søker om løyve etter forureiningslova til arbeid i sjø i Holeviga ved Kaupanes i Eigersund kommune.

Publisert 08.12.2015

Det blir søkt om å sprengje bort tre grunner i Holeviga,  samt eit grunt område utanfor kai på Kaupanes, med eit totalt volum på om lag  1800 m3. Hensikta med tiltaket er å betre tilgangen for containertransport og anna skipstrafikk i området.

Sprengsteinsmassane skal gravast opp og fyllast innanfor eksisterande molo ved Hovland ferjeterminal. Sjøbotnen i Holeviga er stadvis forureina med TBT og kopar. I eit eventuelt løyve vil det mellom anna bli sett krav om internkontroll, støykontroll og avfallshandtering.

Frist for uttale er sett til 4 veker. Uttaler kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger eller fmropost@fylkesmannen.no

Sjå høyringsdokumenta i høgremargen.