Søknad frå Prima Protein AS om løyve etter forureiningslova for ny fiskemjølfabrikk i Eigersund
- Høringsfrist:
- 4. september 2017 23:00
Prima Protein AS har søkt Fylkesmannen om løyve etter forureiningslova for planlagt anlegg for produksjon av fiskemjøl- og olje. Verksemda har søkt om løyve til å omfatte ein årleg produksjon av inntil 30.000 fiskemjøl og 15.000 tonn fiskeolje.
Verksemda er planlagt lokalisert på eigedomen 8/22 og 277 på Kaupanes, Eigersund kommune.
Frist for uttale er sett til 4. september 2017. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg ettersyn i lenkja i høgremargen.
Verksemda vil gjere greie for søknaden på eit ope møte på Grand hotell i Egersund torsdag 24.8 kl.15-17.
Sakshandsamer hjå Fylkesmannen og representantar frå Eigersund kommune vil vere til stades på møtet og tilgjengelege for spørsmål knytt til søknaden.
Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.
- Høringsfrist:
- 4. september 2017 23:00
Dokumenter
Kontakt prima protein
Kontakt:
Marit Sundsvik Bendixen, ass. fylkesmiljøvernsjef, tlf. 51568936, mobil 92249043, fmromsb@fylkesmannen.no
Johan Tore Rødland, senioringeniør, tlf. 51468938, i perioden 31.07-04.09.2017 mobil 91782570, fmrojtr@fylkesmannen.no