Sandnes Indre Havn Infrastruktur AS søker løyve til arbeid i sjø
- Høringsfrist:
- 10. april 2015 08:00
I samband med utbygging av Havneparken, skal kaianlegg i gjestehavna i Sandnes oppgraderast.
Fylkesmannen har mottatt søknad om løyve til arbeider i sjø ved Sandnes gjestehavn. I forbindelse med utbygging av Havneparken er det ynskjeleg å oppgradera/forsterka eksisterande kaianlegg i gjestehavna i Sandnes.
Det skal gravast i gamle fyllmassar langs heile kailengda, og det skal settjast ned ca. 37 peler. Totalt berørt sjøbotnareal er ca. 800 m². Det er ikkje tatt nye prøvar av botnsedimentet i sjølve tiltaksområdet, men tidlegare analyseresultat viste at botnsedimentet i området er forureina. Tiltaket skal etter planen utførast i tidsrommet mai – oktober 2015.
Sjå høyringsdokumenta i lenkene til høgre.
Uttale kan sendast fmropost@fylkesmannen.no eller Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger innan 10. april 2015.
- Høringsfrist:
- 10. april 2015 08:00