Løyve etter forureiningslova til Statens vegvesen Region vest

Høringsfrist:
2. september 2013 08:00

Statens vegvesen Region vest har fått løyve til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø ved Kuneset på Hundvåg i Stavanger kommune.

Publisert 09.08.2013 av Administrator

Fylkesmannen har 8.8.2013 gitt løyve til Statens vegvesen Region vest til utfylling av sprengsteinsmassar i sjø for etablering av ein lekterkai. Det er i løyvet satt krav til tiltak for å hindre at marine naturverdiar vert negativt påverka som følgje av partikkelspreiing under arbeida.

Utfyllinga ved Kuneset omfattar om lag 270 000 m3 sprengstein, og den vil dekke eit areal på ca. 15 mål på sjøbotnen.

Sjå løyve og søknad med vedlegg i dokumentlenkene til høgre.

Vedtaket kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker frå kunngjeringa.