Lokal og sentral høyring - framlegg til utvida vern av Hålandsdalen naturreservat

Høringsfrist:
2. juni 2016 23:00

Fylkesmannen i Rogaland har sendt ut framlegg til utvida frivillig vern av Hålandsdalen naturreservat i Suldal kommune på ei samordna lokal og sentral høyring. Frist for uttale er sett til 02.06.2016.

Publisert 25.04.2016

Hålandsdalen naturreservat vart opphavleg verna ved frivillig skogvern i 2013, og utgjer i dag om lag 5718 dekar i areal. Grunneigarar til Hålandsdalen naturreservat i Suldal har gjort avtale med staten om frivillig utvida skogvern, og verneområdet er nå foreslått utvida med 818 dekar skog mot nord langs Tyssefjorden og 542 dekar skog mot aust.

Sjå også Fylkesmannens melding om oppstart, av 19. februar 2016.

Kort skildring av utvidinga

Utvidinga nord langs Tyssefjorden er for det meste bratt, med mykje bart fjell og ur. Nedre del er prega av ein blanda lauvskog, medan øvre del av lisida er dominert av røsslyng-blokkebærfuruskog. I nord, sør for Haslaneset, ligg ei mindre hagemark med styva ask og fleire raudlisteartar. I utvidinga mot aust er det nærast reservatgrensa og ned mot elva ein frodig, rik edellauvskog dominert av gamle styva asker og frodig, delvis høgvaksen engvegetasjon. Lenger aust er ei smalare stripe med styva ask langs elva, medan lia ovanfor vekslar mellom blåbærskog og svak lågurtskog. Treskiktet er etter kvart dominert av yngre bjørk. Lenger oppe i lia tek grunnlendt lyngfuruskog over.

Høyringsbrev, framlegg til forskrift, vernekart og oppsummering av kommentarar frå melding om vern finn du i høgremargen.

Uttale til høyringa kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4001 Stavanger ellerfmropost@fylkesmannen.no innan 2. juni 2016.